Innleiing
Stord Hamnestell har i 2016 arbeidd med å forsøka nytta eksisterande hamneanlegg på best mogleg måta og arbeidd med å greia ut for nye og større hamneanlegg. Vidareutvikling av hamneanlegga ved industriområdet på Eldøyane er difor eit svært viktig arbeid for hamnestellet, og dette arbeidet vert vidareført i 2017. Hamnestellet har og i tankane ei eventuell overtaking av den gamle ferjekaien med tilhøyrande oppstillingsareal i Sagvåg.
Stord hamnestell arbeider kontinuerlig for å leggja til rette for anløp av både større og fleire skip til kai. Stord Hamn, Eldøyane sin terminal gir for kvart år som går eit litt meir utfyllande og litt betre tilbod for transport og handsaming av gods via sjø.
Hamnestellet ser at det er eit aukande behov for meir og større kai og tilhøyrande bakareal for sjøtransporten. Ei god utvikling av hamneanlegga på Eldøyane vil vera ei framtidsretta investering med tanke på å kunna tilby eit godt og bredt tenestetilbod og betre transport og lagringsforhold for gods og varer som kjem sjøvegen. Dette er også ei ønska utvikling ifølgje Nasjonal Transportplan.
Hamnestellet er i forhandlingar med Eldøyane næringspark om kjøp av eit 27,5 mål stort areal på Eldøyane. Hamnestellet vurderer dette kjøpet som ei investering i infrastruktur så vel som ei forretningsmessig investering. Hamnestellet har avhenda deler av sin eigedom til Ren AS for bygging av lager for sjøkabel. I samband med dette har kommunen inngått ein intensjonavtale med utbyggjar for å søka finna og nytta seg av synergieffekter ved framføring av straum. Hamnestellet arbeider med å legga til rette for tilbod om landstraum for fartøy ved kai.
Ei slik utvikling og utbygging er og i tråd med Kystverket sine ønske om større hamner med tilhøyrande stort nok bakareal samt regjeringa si grøne linje. Vidare har Statnett og vore i dialog med Stord Kommune om leige av areal for beredskapslager på hamn sitt område på Eldøyane.
Leirvik Gjestehamn har hatt fullt belegg i sumarsesongen også i år, hamnestellet får svært positive tilbakemeldingar frå brukarane av hamna. Gjestehamna er svært populær som familiehamn, med strandpromenade leikeareal for dei minste, og kort veg til alle nødvendige fasilitetar. Det var i 2016 installert nytt trådlaust nett i gjestehamna. Det var og ein god auke i tal besøkande båtar i 2016 i høve til 2015.
Hamnestellet sin båt «Blåkraft» er mindre i bruk etter at Redningselskapet etablerte seg på Stord med redningsbåten «RS Simrad Færder». Redningsbåten har i stor grad avlasta «Blåkraft». Hamnestellet har no oppgradert Blåkraft og vil difor inntil vidare ikkje gå vidare med planane om å bytta båt.
Stord Kommune ved hamnestellet deltek i eit prosjekt som gjeld hamnesamarbeid. Prosjektet vil forsøka å finna grunnlag for eit interkommunalt hamnesamarbeid og oppstart var i byrjinga av 2016. Prosjektet er støtta av Kystverket som og deler ut midlar i samband med dette. Kystverket har som mål å legga til rette for at ein klarer å organisera seg i større og meir effektive hamnedistrikt. Kommunane Stord, Kvinnherad, Tysnes, Fitjar, Etne og Vindafjord er samarbeidspartnarar i dette prosjektet.
Hamnestellet har så langt i 2016 registrert ein generell nedgang i båttrafikk og gods over kai til Stord Kommune. Nedgangen gjeld for alle typar båttrafikk – rutebåt, nytte- og gods. Ein ser dette til ein viss grad i samanheng med nedgangstidene me no er inne i. Det er likevel viktig, slik Hamnestellet ser det, å vera i forkant slik at me no kan vidareutvikla hamna til å vera i forkant ved noverande og ikkje minst framtidige tenestebehov for transport og lagring av varer som kjem sjøvegen.
Den nye hamnelova har gitt Hamnestellet tilsynsplikt for heile Stord Kommune sitt sjøområde, dvs. både private og offentlege kai- og sjøanlegg. Dette fører med seg ein del ekstra arbeid samt at det vert sett krav til vidareutdanning og kursing av tilsette. Hamnestellet har og frå Kystverket fått ei god vidareopplæring i offentlege hamneprogram og rapportering, og har no fått eit svært oppgradert system for rapportering og oppsyn med fartøystrafikk i Stord Kommune sine sjøområder.
Alle hamner og alle fartøy som er registrert for utanrikstrafikk vart frå 01.06.2015 pålagt å nytta Kystverket sitt skipsrapporteringsprogram «SafeSeaNet». «SafeSeaNet» er nytta av forsvaret, tollvesenet, politiet, kystverket og hamnemyndighetene. «SafeSeaNet» er også under utvikling og prøving for å kunna levera fleire tenester for fartøy og hamnemyndigheter. Stord Hamnestell tok dette programmet i bruk som testbrukar for kystverket i 2013/2014 og no i 2016 er alle hamneanlegg i Stord Kommune med utanrikstrafikk brukarar av dette systemet.